Politiet i Sunnfjord har dei siste dagane fått melding om at utanlandske blomsterseljarar oppsøker eldrebustader i distriktet og prøver å presse eldre menneske til å kjøpe blomster.

Det skriv Firda.

Fleire gongar tidlegare har omreisande seljarar etterkvart også dukka opp i Ytre Nordfjord.

– Vårt råd er at folk som får slike blomsterseljarar på døra og ikkje ønskjer å kjøpe noko, er bestemte og avvisande, og ikkje slepp dei inn, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til avisa.