Fylkesatlas har laga eit nytt temakart der ein kan lokalisere alle ladestasjonar for elbil i fylket.
Fylkeskommunen vil bruke oversikta til å etablere fleire ladestasjonar.
– Dette er eit nyttig temakart som kan vere med å redusere rekkeviddebekymringen, og bidra i planlegginga av ein eventuell elbil-ferie i sommar. Det nye temakartet viser kvar det fins ladepunkt, og spesifiserer kva type punkt som er på dei ulike stadane, skriv fylkeskommunen.
Fylkeskommunen vil nytte denne oversikten i arbeidet vidare for å etablere fleire ladestasjonar, og seier at fleire ladestasjonar vil gjere det lettare å velje ein bil med nullutslepp, som reduserer miljøbelastinga til privatbilismen i fylket.
– Målet må vere å kunne bruke elbil i heile Sogn og Fjordane, seier Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator i fylkeskommunen.
Data vert henta frå databasen til NOBIL, og vert oppdatert ein gong i veka.