Ungdommens kommunestyre har 21 representantar valt frå heile kommunen. Det er samansett av ungdom som er eller blir 13 til 19 år i valåret. Denne veka har dei vore samla og er no i gang med eit viktig arbeid. Dei fleste av dei kan ikkje stemme i folkeavrøystinga neste torsdag, men dei skal gjere eit vedtak og komme med ei tilråding til kommunestyret.

For no er det Kinn-spørsmålet som gjennomsyrer alt av det som politikarane styrer med. Og det er mange av dei synest det er vanskeleg å skjøne kva dei skal ta stilling til. Alt har også skjedd veldig fort og det har også vore pandemi dei første åra, meinte dei ungdommane vi har snakka med.

– Eg er oppteken av økonomien i framtida, og det ligg nok til grunn for det eg meiner i denne saka, seier Frida Hegranes Selvik, som vedgår ho har gjort seg opp ei meining.

Men det er mange av ungdommane som ikkje veit, eller er usikre.

BDO-rapporten

Ungdomspolitikarane har følgt BDO sin presentasjon av rapporten som har greidd ut deling av kommunen. Og onsdag hadde dei ein workshop på Haffen der dei delte seg inn i grupper og jobba med kvar sine delar av rapporten. Resultatet skulle dei igjen presenterte i plenum.

– Det er vanskeleg, det er ikkje rett og gale. Vi må sette oss inn i fordelar og ulemper og det er ikkje svar på kva som er viktig, for det må vi finne ut sjølv, seier Nora Halvorsen.

Og ho er ikkje åleine i dette selskapet. Det gjeld dei alle. Dei har tankar om nærleik og demokrati, om økonomi, arbeidsplassar og om kva kommune dei ser føre seg i framtida. Men til liks med folk flest i Kinn synest dei det er vanskeleg å ta stilling å vite kva som er det beste for kommunen i eit lengre perspektiv: Å halde fram eller splitte opp. Men no skal dei fordjupe seg og på bakgrunn av rapporten bestilt av Statsforvaltaren vil dei gjere eit vedtak og ei innstilling til kommunestyret. Kva råd ungdommane kjem med er slett ikkje noko uviktig signal.

Ulike konklusjonar

– Det kan vere litt ulike konklusjonar i det som vi no har gått gjennom, så det kan vere vanskeleg å gjere seg opp ei meining, seier Magnus Stenbakk.

Det alle var samde om var at det var kjekt å treffe nye folk og diskutere kommunen sin i lag.

Ho som fungerer som kommunedirektør for ungdommane er Margit Drivenes Kløvfjell. Hennar oppgåve er å presentere sakene for ungdommane på same måte som kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen, men ho kjem ikkje med noko innstilling. Ho skal vere nøytral og fekk også mykje skryt frå ungdommane for korleis ho la fram saka.

Møtet i Ungdommens kommunestyre i Kinn blei onsdag framskunda på kort varsel. Det førte til at denne saka berre inneheld eit intervju med Florø-delen av kommunestyret.