Asgeir er co-kaptein med den verdskjende krabbefiskaren i ny serie

Då gjengen bak tv-serien «Deadliest Catch» bestemte seg for å spele inn ein ny serie var dei på jakt etter ein kjentmann som kunne handtere det ugjestmilde havstykket langs Finnmarkskysten. Mannen dei til slutt landa på er mangeårig fan av serien, Asgeir Hoddevik frå Flatraket.

Asgeir Hoddevik blir snart å sjå i den nye tv-serien «The Viking Returns» på Discovery. Der deler han styrhus med tv-stjerna Sig Hansen (i midten), som gjennom atten sesongar har gjort stor suksess i tv-serien «Deadliest Catch». Til høgre står Kristian Øvervoll, og på kne står Ronny Svingen. Foto: privat