– Ved flåttbit er det normalt å ha forbigåande rødhet rundt bitstaden, medan hudinfeksjonar som kjem av borreliose, utviklar seg over dagar til veker og gir utslett med svært varierande utsjånad. Ikkje alle er klar over dette, seier rådgivar og allmennlege Harald Reiso ved Flåttsenteret – Nasjonal kompetanseteneste for flåttborne sjukdommar.

Appen er utvikla i samarbeid med Norsk Lyme Borreliose-foreining (NLBF) og firmaet Egde Consulting. I appen loggar ein seg på ved hjelp av personnummer, og datamaterialet kan gi grunnlag for ein database som kan bidra i vidare forsking, seier Reiso.

Årleg blir 7000 nordmenn behandla for borreliose-utslett hos fastlegen sin.

– Borreliose-utslett kan nokre gonger likne på sopputslett, andre hudinfeksjonar eller allergisk utslett. Ubehandla borreliose-utslett medfører auka risiko for at borreliabakteriar spreier seg til andre delar av kroppen og gir til dømes borreliainfeksjon i nervesystemet, forklarer Reiso.

(©NPK)