Sjølv om vind og vêr ikkje var av det verste ein har sett her ute på kysten, var det nok til at ferjesambandet Måløy-Husevågøy-Oldeide fekk problem.

Frå klokka 19 blei alle avgangar ut kvelden innstilt. Laurdag morgon er ferja tilbake i normal rute.

I indre delar av Nordfjord og Vestland fylke er forholda verre. Mange vegar er stengde og flaumen gjer stor skade.

Følg med på vêret på kysten på Fjordenes Tidende sine webkamera.

Laurdag morgon er desse vegane framleis stengde i Vestland fylke:

E16 Mellom Bulken og Voss

Rv. 13 Bjotveit Ullensvang

Fv. 55 over Sognefjellet

Fv. 569 ved Dæmring i Vaksdal

Fv. 572 ved Vallavikvegen i Ulvik

Fv. 609 ved Heilevang i Sunnfjord

Fv. 5390 ved Skulestad i Voss

Fv. 5410 i Teigdalen