Nesten 1.200 har siste veka stemt på det aktuelle spørsmålet; «Trur du Stadtunnelen vil komme?».
No er resultatet klart. Meininga til folk er delt i to. Halvparten trur den blir bygd, og den andre halvparten trur det ikkje blir noko av dette gigantprosjektet.
Det har vore sagt og meint mykje om dette gigantiske pionerprosjektet i mange år. I festtalar og valkampar har sentrale politikarar snakka varmt om prosjektet, og lova det full støtte.
Såleis var det mange som reagerte når det no i vår vart kjent at prosjektet skal greiast ut endå ein gong. Dette er kanskje eit av dei mest utgreidde prosjekta. Så det er kanskje ikkje så rart om halvparten av dei som har stemt tvilar på at det blir bygd ein tunnel for skip gjennom Stadlandet mellom Moldefjorden og Kjøde.
Det blir nye aktuelle spørsmål på nettsida vår: Spørsmålet som ligg der no er om kommunenamnet skal vere Vågsøy eller Måløy. Det er berre å stemme.