Folkerøystinga på Sunnmøre viste at berre Sande kommune vil vere med på ei samanslutning der Vanylven er med. Dermed er Runde kommune ute av biletet.

– Runde kommune er lagt død, resultatet frå folkerøystingane kan ikkje tolkast på nokon annan måte enn det, seier ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V).

Vanylven vart tidlegare i år samde med Vågsøy og Selje om ei intensjonsavtale. Dette alternativet vart skrinlagt etter at resultatet viste eit nei-fleirtal i Selje og at 72,5 prosent av dei som sa ja i Vanylven ville nordover.

Kommunen inngjekk også ei intensjonsavtale med kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande om ei samanslåing til Runde kommune. Folkerøystinga førre veke viste at berre 17 prosent i Herøy, 24,6 prosent i Ulstein og 15 prosent i Hareid ønskte å bli ein del av Runde. Unntaket var Sande, der det vart eit ja-fleirtal med 51 prosent av røystene.

– Det var ikkje eit uventa resultat. Eg har vore på mange av folkemøta og der har det handla mykje om at alternativet om ei samanslåing mellom Hareid og Ulstein ikkje har vore på stemmesetlane. Noko av grunnen til det overveldande nei-fleirtalet er nok at innbyggjarane ikkje har funne sitt alternativ. Men som politikar kan eg ikkje tolke resultatet som noko anna enn eit nei til samanslåing, seier Landsverk Sande.

Berre eitt alternativ att

I kommunestyrevedtaket om samanslåing til Runde kommune blir det opna for at partane kan halde fram med samtaler, sjølv om nokre av kommunane trekker seg.

– Eg er spent på vegen vidare i Vanylven. Det er eit ja-fleirtal i kommunen, så vi vil ha samtalar med Sande, men eg trur ikkje Sande ønskjer ein kommune med berre Vanylven og Sande, seier ordføraren, og legg til:

– Det er veldig kort tid igjen fram til fristen 1. juli. Vi har berre eitt kommunestyremøte før den tid. Men dersom Sande skal finne Vanylven aktuelt, så må Rovdefjordsambandet på plass.

Landsverk Sande meiner sambandet har spelt ei stor rolle for resultatet av folkerøystinga i Vanylven.

– Mange er opptekne av å få på plass sambandet og tenkte difor at dei måtte stemme på alternativet nordover, seier ho.

Opnar for å sjå sørover

12,5 prosent av dei som stemte ja i Vanylven ønskte ei samanslåing med Selje og Vågsøy. Landsverk Sande er sjølv open for å sjå sørover igjen.

– For min del er eg open for å sjå sørover, men vi må respektere folkemeininga. Vanylvingane kjenner kommunane sør om grensa veldig dårleg og fylkesgrensa fungerer av og til som ein Berlinmur, seier ordføraren, som meiner samanslåingsprosessen burde byrja i ein annan ende.

– Ein burde starta med regionreforma, og fått Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane inn i same region. Då kunne vi ha blitt kjende med kvarandre før vi måtte ta standpunkt til om vi ville slå oss saman eller ikkje, seier Landsverk Sande.

Nektar å bli straffa

Kommunestyret skal i juni seie nei eller ja til samanslåing.

– Kommunestyret seier nok ja til samanslåing, men vi har ikkje eit alternativ. Det er veldig viktig for oss at vi ikkje blir registrert som frivillig aleine, for då kjem ein dårlegare ut økonomisk, og blir straffa på den måten. Den straffa bør vi ikkje få sidan innbyggjarane har sagt ja til samanslåing, fortel Landsverk Sande, som trass i at Vanylven ikkje har samanslåingsalternativ ikkje vil ha tvangssamanslåing. – Det er aldri positivt med tvang i slike spørsmål.