Kommunestyret i Eid har vedteke ei avtale med selskapet Lefdal Invest om opparbeiding og drift av ei gjestehamn på Nordfjordeid.

– No får vi opparbeidd ei skikkeleg gjestehamn. Dette er sårt tiltrengt, sidan det er svært dårleg kapasitet på noverande tidspunkt, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

Ifølge Bjørlo regulerte kommunen området frå godsterminalen til småbåthamna til dette formålet for mange år sidan, men det vidare arbeidet har det ikkje blitt sett av pengar til.

– Gjestehamna har ikkje blitt prioritert i kommuneøkonomien. Det blir aldri ei kommunal kjerneoppgåve å drive ei gjestehamn, seier Bjørlo, og legg til:– Vi helsar initiativet velkomen, og har eit lite håp om at tilbodet kan stå klart til sommaren.