Bremanger kommune skal tildele vegadresser til alle bustad-eigedommar i kommunen. No ber dei om innspel til vegnamn på dei ulike vegparsellane innan 20. mai.

Hovudmålet med å få på plass offisielle adresser som er knytte til eit vegnamn og husnummer er å gjere det praktisk mogeleg å finne fram til personar og eigedomar eller aktivitetar knytt til desse.

Både besøkande, ambulanse, brannvesen, postverk og andre serviceverksemder vil ha nytte av eit godt utvikla adressesystem med vegskilting og nummerering i samsvar med kart, skriv kommuna.

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning for Bremanger kommune vart vedteken av kommunestyret 12. mars. Det er mellom anna bestemt at hovudvegar som er lenger enn 2 km og/eller har minst 5 adresseeiningar skal ha eige namn, og at alle sidevegar som har 5 adresseeiningar skal få eige namn.

Her er dei ulike sonene:

Sone 2 Eikeland-Magnhildskaret

Sone 3 Myklebust-Husefest

Sone 4 Sande-Ospeneset, Hennøystranda

Sone 6 Svelgen-Isane

Sone 7 Bortnen-Isane

Sone 8 Kolset-Struen

Sone 9 Berleporten-Skarstein

Sone 10 Struen-Grotle

Sone 11 Struen-Kalvåg

Sone 12 Myrnesvika-Kalvøya

Her kan du sjå karta for dei ulike sonene.