– Det blir veldig artig å feire 20 år i Måløy sentrum. Vi har sett saman eit program som vi meiner skal appellere til folk, fortel senterleiar Victoria Juvik Øvstetun på Måløy Brygge.
Ho fortel at dei gjennom helga vil invitere til hyggeleg samvær med kaffi, kake, pølser og det som høyrer bursdagar til.
– I tillegg blir det eit internasjonalt koldtbord, som Vågsøy opplæringssenter står for, torsdagen, forklarar Øvstetun.
Senterleiaren, som har vore det i 11–12 år, understrekar at dei også vil fleire andre aktivitetar for vaksne og barn.
– Laurdagen får vi besøk av ein klovn og i løpet av markeringa vil vi ha ein konkurranse der vi trekker ut 20 gåver til 20 kundar, seier ho.
20-talet går igjen fleire stader under markeringa.
– Det blir gode tilbod i butikkane. Dei spinne rundt 20-talet på tilboda sine. Så vi håpar folk kan finne nokre gode tilbod i butikkane våre, smiler senterleiaren.
Butikkane som held til i Måløy Brygge er Rema 1000, Nille, Notabene, B-young og Vitus apotek.