Tysdag vart det kjent at Norway Pelagic og Austevoll Seafood, som er dei to største aktørane på sild og makrell, har inngått ein integrasjonsavtale der partane planlegg å samarbeide mot ein muleg integrasjon av Austevoll Seafoods nordatlantiske pelagiske selskap inn i Norway Pelagic, heiter det i en børsmelding.

Austevoll Seafood er hovudaksjonær i Norway Pelagic og har i dag ein eigarandel på 33 prosent.

I børsmeldinga heiter det at Norway Pelagic med denne integrasjonen ytterlegare vil styrke posisjonen som den leiande aktøren i norsk pelagisk konsumindustri. Partane ser føre seg synergieffektar og betre kapasitetsutnytting gjennom koordinering av aktivitetane.

Norway Pelagic vil skrive ut vederlagsaksjar og Austevolls eigardel vil stige til 43 prosent dersom partane kjem i mål med fusjonen.

Norway Pelagic har i dag 10 produksjonsanlegg langs kysten etter at dei nyleg vedtok å leggje ned aktiviteten ved fabrikken i Bergen. Fem av dei er lokalisert i Sogn og Fjordane, mellom anna i Florø, Kalvåg, Måløy og Selje..

Hovudkontoret er i Måløy og salskontoret i Ålesund.