Historia til Henning Bortne er nemleg ei historie om å vinne fram, overkome fordommar, og det å følgje draumen sin uansett utgangspunkt.
Henning blei nemleg fødd med cerebral parese tilbake i 1975. Eit tøft utgangspunkt, men i dag kan 42-åringen sjå tilbake på ei fin tid når vi snakkar om oppveksten på heimplassen.
– Dei hadde eit godt opplegg, og eg er veldig takksam for det. Dei har alle bidrege til at eg er her i dag, seier han om skulegang på Flatraket barneskule og Selje ungdomsskule.
Henning har vore ei sosial kar heilt frå starten av.
– Eg har alltid vore utadvendt og rastlaus. Eg ville vere med på alt som skjedde. Sjølv om eg er veldig handikappa har det aldri stoppa meg frå å vere ute med venner. Det var mellom anna veldig lite mobbing. Om det skjedde, tok eg berre igjen.
Den sosiale omgangen med folk har han teke med seg seinare i livet.
– Det at eg tidleg blei integrert med andre barn har gjort at eg har blitt utvikla godt sosialt. Eg møter mange andre handikappa som har vore mykje isolerte, og då merkar ein at fleire ikkje har fått utvikla dei sosiale antennene tilstrekkeleg nok, fortel han reflektert.
Lydutdanning
I 1995 gjekk turen til lydlinja på Nord-Hordaland Folkehøgskule, før vegen gjekk til Oslo og Norsk Institutt for Scene og Studio (NISS).
– Folkehøgskulen var ein test for meg i forhold til det å bu heimanfrå, og det gjekk bra, seier han.
På NISS i Oslo vart han møtt med litt større skepsis. Fagleg var han kapabel nok, men dei var usikre på om Henning ville klare å kome seg inn i bransjen.
– Dei sa den var veldig tøff, og at eg sannsynleg vis ikkje ville kome til å få meg jobb i ettertid, fortel han.
Men Henning er slettes ikkje ein mann som er kjend for å kaste inn handkledet.
– Eg hadde ein magefølelse på at dette var vegen å gå. Dette skulle eg klare, seier han bestemt.
Viljen og styrken til Henning gjorde også at fordommane snudde på skulen også.
– Dei sa til slutt at eg kom til å klare meg godt, seier han.
Mastering
Etter over 20 år i bransjen, har det vore mykje lyd rundt Henning. Ekspertisen er fagområdet mastering, den siste finpussen ein teknikar gjer på ei innspeling.
– Ein går inn og prøvar å gjere den kompatibel på alle typar anlegg slik at det høyrest like bra ut på ein iPhone som på eit stort anlegg, seier han om balansering av ulike nivå og frekvensar.
I eit lite land og i ein pressa bransje, må ein også jobbe bredt. Dermed har mange musikkstilar vore innom studioet også. Marcus og Martinus, Morgan Sulele, Bare Egil Band, Astrid S, Julie Bergan, jazzbandet Helge Lien Trio, Tre Små Kinesere, Ole Edvard Antonsen, Claudia Scott og metalbandet Circus Maximus seier litt om breidda og nivået på artistar. Han driv også med innspelingar på Norges musikkhøgskole der han får bryne seg på store symfoniorkester som TrondheimSolistene og Oslo Filharmoniske Orkester.
– Eg har fått jobba med eit bredt spekter, og det er eg veldig glad for. Når ein er så handikappa som eg, møter ein skepsis. Dei skal levere livsverket sitt til meg, og då må ein ha respekt for det. Eg får høyre at eg jobbar veldig musikalsk og dynamisk. Det tek eg som eit stort kompliment. Det er jo musikken som skal vere i fokus, og viss eg kan vere med på å framheve den siste touchen, så har eg gjort min jobb, seier han.
Reiselysten
Henning trenar i opp til to timar kvar dag for å kunne vere så aktiv som han er.
Han får også hjelp av logoped for å kunne kommunisere med kundar så vel som vennar. Det kjem godt med i Henning sitt eventyrfylte liv.
Som eit avbrekk frå miksepulten og jobbjaget, reiser nemleg Henning rundt med ein trehjuls motorsykkel. Og turane går ikkje akkurat rundt i nabolaget på Bryn.
– Eg har vore Europa rundt eit par gonger, langt inn i Russland og heilt opp til Lofoten, seier han.
På sykkelen har han også utvikla ein eigen lift til rullestolen, slik at han har alt han treng – rullestol og bagasje inkludert.
– Denne gjer at eg kan reise så langt eg vil utan hjelp, seier han.
Det er greitt å få litt luft i ansiktet etter lange prosjekt i studio og etterfølgande kontorarbeid.
– Det er nesten ei halv stilling å vere handikappa med alt det som følgjer med, seier han.
Dagar med både trening og arbeid, blir ofte lange.
– I studioet er eg minst seks timar kvar dag, men det må også kontorarbeid til, og det tek fort ei stund også. Det er mykje papirarbeid med å vere avhengig av hjelp, så det blir mykje legeattestar og søknadar, fortel han.
Men når det er luft i timeplanen, er ikkje sykkelen langt unna.
– Når eg kjem meg opp på sykkelen er alt strevet elles gløymt, og eg møter også mange hyggelege folk. Eg likar å utfordre meg sjølv, seier Henning.