Myrestrand og Svoren seier at dei ved fleire høve siste tida har sett at born legg seg ned på fotgjengarfeltet på den trafikkerte Rv 15 på Kulen I Vågsøy, medan ein kameratgjeng står langs vegkanten og heiar.
Ifølgje Myrestrand ser det ut til at borna driv med ei form for konkurranse, der det handlar om å liggje lengst muleg i ro når bilane kjem køyrande. Dess nærare bilane kjem dess artigare er det, seier ho.
- Sist eg såg dette kom eg rundt svingen her i retning Måløy. Eg såg det låg nokon i fotgjengarfeltet medan fleire andre stod langs vegen og klappa. Etterpå sprang dei og gøymde seg, fortel 19-åringen frå Deknepollen.
Politiet er skremd over det dei høyrer.
Heile saka stod på trykk i papirutgåva måndag 14. juni.