Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 2012 jobba for at kommunane i fylket skal få på plass kulturminneplanar.

– Arbeidet har teke tid, men det er svært kjekt å sjå at fleire kommunar no kjem i mål med kulturminneplanane sine, seier Sigrun Espe, prosjektleiar for Lokale kulturminneplanar i fylkeskommunen, i ei pressemelding.

Eid starta arbeidet med kulturminneplanen «Kommunedelplan for kulturarv 2017-2029» i 2014.

Åshamar og Gerd Fløde Bjørlo har hatt ansvaret for planprosessen sidan 2014. Eit viktig mål i arbeidet har vore å få med kulturminne frå kvar grend i kommunen og å engasjere innbyggjarane. Kommunen har snakka med innbyggjarane rundt om i heile kommunen, og har vorte møtt med mykje engasjement.

– Dei mange ulike historiene vi fekk høyre, viser at vi har mykje felles, men også at det er kulturminne og kulturarv som er med og gir dei ulike grendene særpreg og identitet, seier Åshamar.

Med planen som utgangspunkt, kan alle oppdage verdien kulturminna har som  felles arv og identitet. Meir kunnskap og interesse vil igjen føre til at alle tek betre vare på kulturminna og vernar dei for framtida.

Eid kommune ønskjer å samarbeide med enkeltpersonar, lag og organisasjonar for å få fram utviklingspotensialet til dei utvalde kulturminna, kulturmiljøa og kulturlandskapa.

Både privatpersonar og organisasjonar kan få midlar frå kulturminnefondet til å setje i stand kulturminne. Eid kommune på si side er klåre på at dette er noko dei vil satse på også i tida framover.

– Vi ynskjer i åra som kjem å satse på tiltak som legg til rette for at eit mangfald av aktørar kan bygge vidare og utvikle kulturarven vår og skape små og store opplevingar basert på denne, seier Åshamar, i pressmeldinga.