Følgende vedtak ble gjort av politikarane i kommunestyret:

Selje kommune syner til intensjonsavtale mellom Eid og Selje om kommunesamanslåing, der saka om Kystvegen er omtalt. Vi peikar her på at Kystvegen må leggast slik at han får størst mogleg regional nytte for å knyte saman større bu- og arbeidsmarknader på tvers av dagens fylkesgrenser. Det inneber at trasé over Bryggja-Otteren, som vil skape størst trafikk på den nye vegen, er omtalt i intensjonsavtalen som det beste alternativet.

Selje kommune merkar seg at Statens Vegvesen i si faglege tilråding, lagt fram etter at vår intensjonsavtale vart utforma, tilrår bru kryssing over Nordfjorden i ytre trasé. Selje kommune tek til vitande Statens Vegvesen si faglege tilråding og er einige i at ferjesambandet Stårheim-Isane må haldast oppe, slik dei fastslår og tilrår i utgreiinga.

Selje kommune har ikkje merknader til Statens Vegvesen si tilråding om trasé sør for Svelgen.»

Kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora bør byggast ut etter følgjande prioritert rekkefølgje:

1)     Ny veg frå Svelgen til Indrehus

2)     Bru over Nordfjorden

3)     Ny veg frå Indrehus til Grov