Vinden sine herjingar gjekk hardt ut over hus, driftsbygningar, vegar og bilar. Allereie ei lita veke etter orkanen sine herjingar hadde det ifølge forsikringsselskapa blitt meldt inn skader for atskillege millionar i ytre Nordfjord.
1 / 3
Denne traktoren vart ståande att medan driftsbygninga rundt den forsvann bort på jordet i Ervika på Stadlandet. Oppryddingsarbeidet etter orkanen vart krevjande då vinden ikkje slepte taket. I kuling og haglbyer var det mange som forsøkte å reparere hus, driftsbygningar, uthus og sjøbuer, som hadde fått store skader under vinden sine herjingar. Mange stader tok det også fleire dagar før ein fekk attende straumen. Arkivfoto