– Aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak er med og forklårar det låge talet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. Nærast er Oppland og Troms, begge med 1,5 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 15 prosent frå mai i fjor. Det er no 60.008 heilt ledige, tilsvarande 2,2 prosent.

– Arbeidsløysa går ned i alle fylke og det er gledeleg at vestlandsfylka, som var hardast råka av oljekrisa, no snart er nede på landsnivå, seier Thorsnes.

18 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i mai. Størst reduksjon har Flora med 25 færre ledige enn på same tid i fjor. Selje har størst auke i arbeidsløysa med 18 fleire ledige.

Halvparten av kommunane har ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare. Aller lågast er Hornindal med berre 0,3 prosent. I den andre enden finn vi Selje med 3,7 prosent og Bremanger med 2,9 prosent. Den forholdsvis høge arbeidsløysa i desse kommunane skuldast permitteringar i fiskeindustrien.

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan bygg og anlegg, med 36 færre ledige enn i mai i fjor.

Innan serviceyrke er det 24 færre ledige. Butikk- og salsarbeid er den einaste yrkesgruppa med nemneverdig auke i arbeidsløysa. Her er det 19 fleire ledige enn i mai i fjor.

I mai var det 81 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 17 færre enn same månad i fjor. 57 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien.

Det er nedgang i arbeidsløysa i alle aldersgrupper, sett bort frå dei under 20 år og dei over 60 år. Det er likevel få ledige i desse aldersgruppene. Aldersgruppa 20-24 år, som er ei prioritert gruppe hos NAV, har størst reduksjon med 21 prosent.

Det vart registrert 580 nye ledige stillingar i mai, ein nedgang på 6 prosent frå mai i fjor. Nedgangen er størst innan bygg og anlegg og akademiske yrke. Butikk- og salsarbeid har størst auke. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan undervisning.