Bremanger kommune takkar for mange gode innspel om vegnamn med ei særskild takk til grendelaga som har gjort jobben i dei ulike grendene. Men det er eit par parsellar der det ikkje har kome inn namn, og kommunen ber no om fleire forslag.

- Det er veldig kjekt å sjå at det er stort engasjement i denne saka, og det ser ut som vi har fått innspel om namn på dei fleste vegparsellane, skriv kommunen si heimeside.

Men dei opplyser også at dei manglar namneforslag på følgjande vegnummer.

vegnr. 3203 og 3204 på Ytrehus

vegnr. 3304 i Botnane

vegnr. 4728 på Isane

vegnr. 4003 i Struen

vegnr. 4013 og 4014 på Igland.

- Vi ber om rask tilbakemelding dersom nokon har forslag til vegnamn på desse parsellane, skriv kommunen.

Den vidare prosessen vil no vere at prosjektgruppa går gjennom alle innspela som har kome inn, og systematiserer desse.  Dei vil også sjå på om ein skal vurdere endringar i parsellinndelinga i tråd med det som er kome merknader om.

Alle innspel skal så vidare til Sogenemnda for handsaming, som så i sin tur gjev si tilråding til formannskapet i Bremanger før dei handsamar forslaga.

I løpet av sommaren eller tidleg på hausten vil så vegnamna bli lagt ut til offentleg høyring, slik at innbyggjarar og grendelag får høve å komme med sine innspel, forklarer kommunen.