Måløy Treningssenter inviterer på nytt til VårYr og lovar mykje spennande på programmet.

I år blir VårYr arrangert laurdag 28. mai, og Torill Eide Tennebø ved treningssenteret fortel at dei har no inngått ei avtale med Antidoping Norge om å bli eit Rent Senter.

– Vi håpar å vere klar til å bli lansert som det den helga, for då kjem det ein representant frå Antidoping Norge som skal halde foredrag, fortel Eide Tennebø.

Ho legg til at også John Roger Andersen frå Høgskolen i Sogn og Fjordane kjem for å snakke om kva effektar fysisk aktivitet har på mental helse.

Foredraga skal vere i Turnhallen.

I tillegg til foredrag, blir det mykje aktivitetar på treningssenteret under VårYr. Senteret vurderer å starte med treningsformen Corebar til hausten, og allereie på VårYr får deltakarane ein smakebit.

I tillegg kan ein teste ut fleire nye timar som vil kome til hausten.

På treningsprogrammet for dagen står også MorgenYoga, Gladmix, Sykkel: Vårintervall, Sal: Teknikk i styrketrening og Pulsparty. Dagen avsluttast med felles middag på La Voile.