Under hingsteutstillinga på Nordfjordeid var det fleire internasjonale gjestar.

– Vi er overvelda over det vi opplever her, seier Bob Long, president i den amerikanske fjordhestforeininga Norwegian Fjord Horse Registry.

Saman med Eric Watness frå Seattle og Pat Wolfe frå Canada er han her for å lære meir om korleis dei kan snu trenden med færre fødde fjordhestar i Amerika.

–Det er ein stor draum som går i oppfylling, og det gir ei god kjensle i hjartet. Det er stort å ha spiss, og i tillegg får han den største utmerkinga. Han er med andre ord verdas beste fjordhest, gliser Steinar Furnes frå Nordfjordeid, som saman med Tina Eide frå Gloppen har eigd hesten.

Det var gledesrop og store smil då spenninga over vinnaren vart utløyst. Glød var også einaste treåringen i kvalitet denne gongen. Sju hingstar vart kåra i denne klassa, fleire vart selde.

Men det var Glød som var i særklasse. Han er allereie seld til Osterøy Fjordhestlag, under føresetnad at han vart kåra.

Også for oppdrettar Bjørn Aardal i Kjølsdalen var det ein stolt dag.

– Det er utruleg å få oppleve å ha hatt to spisshingstar på garden heime. Og denne har eit heilt spesielt lynne, seier Aardal, som innrømmer han hadde store forventningar til Glød.

Fjordhingsten var spiss både som eitt- og toåring.

Det var til saman 30 hingstar som vart utstilte på Nordfjordeid i helga. Det er treåringane av hingstane det knyter seg størst spenning til. Det er her ein ser linjene i korleis ein vil ha fjordhestavlen vidare, og det er vanskeleg å kome gjennom det smale nålauget. Mange må reise skuffa heim.

For Silje Kvalvik og medeigar Steinar Furnes var det også ein gledeleg dag med fireåringen Hugo, som vart nummer to i kvalitet og fekk raud sløyfe.

God type, meinte dommarane, som påpeikte at han tapte sigeren på laushoppinga.