Berre siste veka har seks hjortar blitt påkøyrde langs riksveg 15.

Det har vore mange påkøyrsler i år, det er det ikkje tvil om, seier Kjell Heggen, som er leiar i viltnemnda i Vågsøy. Heggen og kollega i viltnemnda, Marit Salt, fortel begge om ein hektisk periode med mange oppdrag siste tida. Ifølgje Salt har så mange som seks hjort blitt påkøyrde langs riksveg 15 mellom Totland og Maurstad berre sidan sist onsdag.

- Så gale som det er no må ein langt tilbake i tid for å finne. Dette går berre ikkje, seier Salt.

Heggen og Salt meiner hyppigheita av hjortepåkøyrsler siste tida må sjåast i samanheng med den lange og strenge vinteren. Dei fortel at dyra søkjer ned til sjøen for å finne mat. Der er bakken mindre hard og det er lettare å kome til for hjorten, som brukar klauvene til å grave med. Dess meir hjorten vandrar på jakt etter mat, dess større er sjansen for at den kryssar vegar.

Heile saka står i papirutgåva onsdag 23. februar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende