Klokka 19.27 onsdag kveld så melde brannmannskapa, som har jobba med sløkking av bråtebrannen i Berle i Bremanger, at brannen var så godt som sløkt.
Dei rundt 20 brannfolka som har kjempa mot flammane var då dimittert.
Operasjonsleiar ved Alarmsentralen, Nina Andal, seier til Fjordenes Tidende at det vil vere tre brannmenn ute i kveld og i natt i tilfelle flammane skulle bluss opp igjen.
Andal seier at ingen personar eller bygningar er skadde.
Ho kjem med råd om at alle er forsiktige med eld når det er tørt og vind.
Det var klokka 16.00 onsdag ettermiddag at Alarmsentralen fekk melding om at ein bråtebrann var ute av kontroll. Brannfolk frå Hauge, Berle, Kalvåg og Davik vart kalla ut for å sløkkje brannen.
- Eit stort område med inn- og utmark ved Gotraneset i Berle er avsvidd.
3,5 timar seinare var altså brannen stort sett sløkt.
- Det som var igjen av flammar på toppen, rekna brannfolka med ville sløkkje av seg sjølv, seier Andal.
Det var ein privatperson som dreiv med bråtebrenning då flammane kom ut av kontroll.