Styringsgruppa for bygging av nytt omsorgssenter i Svelgen er klare på at eit nybygg i tilknyting til eksisterande sjukeheim er det beste alternativet.

I kommunestyret tysdag fekk politikarane ein grundig gjennomgang av Frank Husevåg frå teknisk seksjon og kommunalsjef Randi Ytrehus.

Dei sit begge i styringsgruppa og konkluderte med at det absolutt beste alternativet var eit nybygg, der ein også fekk nytte dagens bygningsmasse ved Svelgen bu- og servicesenter.

- Vi slepp då mykje rimelegare unna, for då slepp vi å bygge nye rom til den delen som har med fellesareal å gjere. Til dømes kan ein nytte dagens kjøkken og andre fasilitetar. Vi veit også at behovet for plass ved omsorgssenteret er stort og det kjem til å verte større i åra som kjem, understreka Ytrehus.

Politikarane godkjende framlegget til mandat for forprosjekt slik den låg føre, og prosjektansvarleg fekk fullmakt til å organisere gjennomføringa av forprosjektet.

Det er snakk om 40 nye plassar med heildøgnsomsorg på Naustneset i Svelgen.

Les meir frå kommunestyret i Bremanger i papiravisa onsdag 16. juni.