I 40 samanhengande år har Leif-Tore Larsen vore del av brannvesenet i Måløy. Gjennom desse åra har Larsen kunne følge den enorme utviklinga det har vore på nært hald. Han opplever då og no som natt og dag. Foto: Marianne S. Rotihaug

Leif-Tore har vore på vakt i 40 år

Leif-Tore Larsen (64) har dei siste 40 år vore ein del av brannvesenet i Måløy. Hovudmotivasjonen har alltid vore å gjere ein forskjell for folk, samstundes som det har vore, og er, eit godt miljø blant mannskapet.