– Av dei 396 kontrollerte for bilbelte blei det ustedt eit gebyr på 1.500 kroner til ein passasjer som ikkje brukte belte, seier inspektør Ørjan Harang Ruud i Statens vegvesen.

Kontrollrapporten viser også at ein sjåfør må betale 500 kroner for ikkje å ha med sertifikatet.

Eit køyretøy fekk manglar både på lys, senkesett som var justert for lavt og modifisert eksosanlegg.

Spesielt no i mørketida minner Statens vegvesen om at det er viktig å ta ein sjekk rundt bilen før dei køyrer slik at dei veit at alt av lys fungerer.

Det var nemleg seks kjøretøy til som fekk kontrollseddel på grunn av manglande lys.

– Eit lite tips for å sjekke lysa kan vere så enkelt som å rygge bilen slik at du står mot eit vindu eller ein vegg, følge med i spegelen medan du set på blinklys og tråkker på bremsepedalen så vil du sjå i gjenskinet, seier Harang Ruud og legg til:

– Eller så kan alle lys sjekkast enkelt ved å velje funksjonen, gå ut og ta ein sjekk. Eit kosteskaft, ein pinne, ein stein eller liknande kan settast på bremsepedalen for å sjekke bremselys.