Det var 4. september at mannen i 20-åra blei sikta for grov kroppsskade, ei sikting som nokre dagar seinare blei endra til drapsforsøk.

Påtalemyndigheitene ønskte 15. september varetektsfengsling i nye fire veker med brev- og besøkskontroll. Det sa Sogn og Fjordane tingrett ja til 20. september etter at sikta ga løyve til at tingretten kunne behandle begjæringa utan at sikta og forsvarar var til stades.

Tingretten tok då ikkje stilling til eventuell gjentakingsfare.

3. oktober anka forsvararen avgjerda på vegner av sikta, og meinte at politiet ikkje har oppfylt vilkåret for bevisforspillelsesfare. Han peikte på at sikta har vore samarbeidsvillig og oppgitt alle passord, og at politiet dermed har hatt alle moglege sjansar til å sikre elektroniske spor, men likevel ikkje starta arbeidet. Forsvararen meiner ein då ikkje kan la vere å ta etterforskingsteg og unnlate å forklare årsaka til det, og likevel hevde at det er fare for at bevis skal bli øydelagt.

Påtalemyndigheitene, på si side, meiner faren for at bevis skal forsvinne er reell, og at det også er fare for gjentaking om mannen får sleppe ut av varetekt.

Gulating lagmannsrett har vurdert anken, og ser moglegheita for at bevis skal bli sletta som både konkret og reell. Dei trur det er sjanse for at sikta vil bruke moglegheita til å kvitte seg med bevis og spor om han blir lauslaten. Dei meiner også det kan vere fare for at sikta vil gjere nye og liknande lovbrot om han blir sett fri frå varetekt.

Lagmannsretten var einstemmige på at sikta skal bli i varetekt med brev- og besøkskontroll fram til 18. oktober.