Framflyt-konferansen er ein konferanse av, med og for ungdom som har som mål å vise ungdom kva jobbmoglegheiter som finst i området. På scena står det kvart år føredragshaldarar med spennande jobbar.

Redaktør Håvar Fagerli og marknadsrådgjevar Vilde Myhre Skavøypoll frå Fjordenes Tidende er i tillegg to av føredragshaldarane i år.

– Vi gler oss skikkeleg til å snakke med ungdom om arbeidsplassen vår, kva vi driv på med og kva type jobbar som finst i mediehuset, seier Myhre Skavøypoll.