Stad kommune og politiet heldt måndag ettermiddag informasjonsmøte for dei evakuerte på Nordfjord hotell.
– Ei avgjersle om tilbakeflytting vert teken når området er vurdert av geologane og stadfesta trygt å vende tilbake til. Dette blir gjort av politiet i samråd med geologane, opplyser Stad kommune.
Dei evakuerte bur med vener og familie: – Det har vore ei ubehageleg oppleving for alle saman
Det vert nytt informasjonsmøte med politi og Stad kommune på hotellet tysdag klokka 09.30.
Kommunen har vore i kontakt med nokre av innbyggarane som er isolerte i grendene Hunvik, Torheim og Sørland.
– Innbyggarane opplyser at dei etter høvet har det bra. Vi oppmodar sambygdingar om å halde kontakt med naboar, skriv Stad kommune på nettsidene sine.