Statens vegvesen har valt Mesta AS som driftsentreprenør for Nordfjord frå 1. september. Selskapet med base på Løkjaneset ved Nordfjordeid skal ta seg av drift av riksvegar, riksgangvegar og dessutan Gamle Strynefjellsvegen.

I leiinga lokalt er prosjektleiar Vidar Solheim og vegmeister Jørgen Sjåstad.

– Vi har mykje god erfaring og vi gler oss til å ta fatt på oppgåva, seier Solheim etter at Statens vegvesen og Mesta har signert ein ny avtale for Nordfjord.

Lars Erik Karlsen (f.v.) og Stig Arne Bugjerde i Statens vegvesen, Vidar Solheim, Jørgen Sjåstad, Inge Atle Myren og Veronika Engdal, Mesta AS. Foto: Siri Kolseth

– God lokalkunnskap

Vidar Solheim seier at Mesta AS har god lokalkunnskap og at det er ein styrke for jobben som skal gjerast. Det er Mesta som har vore driftsentreprenør i området også fem siste år, og då med ansvar for både riksvegar og fylkesvegar.

Frå 1. september tar Vestland fylkeskommune sjølv over drifta av fylkesvegane i Nordfjord. Det inneber ei endring.

– Fylkeskommunen skal drifte sine eigne vegar, seier Lars Erik Karlsen ved Statens vegvesen.

Han legg til at Vegmeldingssentralen 175 er felles for riksvegar og fylkesvegar. Det er vegmeldingssentralen ein tar kontakt med om vegtilhøve og hendingar.

Den nye kontrakten til Statens vegvesen i Nordfjord er på 236 millionar kroner. Fungerande byggeleiar Stig Arne Bugjerde seier at det er prisauken på drivstoff som i stor grad påverkar at ein betalar meir enn i 2018 då kontrakten var på 172 millionar kroner.

Det kjem likevel ein meirkostnad ved at trafikk og oppgåver aukar ved turisme og ved store arrangement som festivalar. Mellom anna vert det meir avfall og meir reinhald rundt dette. Skjerpa krav til HMS som sikrar trafikantar og dei som arbeider med veg gjer seg også utslag i at det kostar meir å drifte riksvegnett og gang- og sykkelvegar. Det vert peika på at det også finn stad ein generell trafikkauke som påverkar kostnadane.

– Vi har vinterdriftsklasse DkB som krav til brøyting. Det er ei driftsklasse som kostar pengar, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen.

Klassen er den same som ein har hatt tidlegare og godkjend veg skal vere berr, berre med hard snø og is utanom hjulspor i eit avgrensa tidsrom. Snø og is skal fjernast mekanisk før salting for at det skal brukast mindre salt.

Statens vegvesen presenterer dette kartet som viser kva vegar som er med i kontrakten. Foto: Siri Kolseth

Tandembrøyting

Frå i vinter vil Statens vegvesen køyre meir tandembrøyting i Nordfjord. Det er å køyre to brøytebilar etter einannan for å brøyte vegen i full breidde. I vårt område skal det kome tandembrøyting på heile strekninga Måløy-Nordfjordeid.

Som eit preventivt tiltak vil vegvesenet også byrje med å salte gang- og sykkelvegar langs riksveg på ein del strekningar.

– Dette skal vi prøve ut, seier Stig Arne Bugjerde. Salting vil på dei aktuelle strekningane erstatte bruk av sand.

Det er også ei nyheit at det snart kjem i drift fleire store tavler i Nordfjord for meldingar frå vegmeldingssentralen. Det er friteksttavler som vil informere for eksempel om vegstengingar ein kan møte på lenger framme, og som kan gjere at ein vel å bruke ein annan veg. Lars Erik Karlsen seier at for å informere om stenging av Måløybrua, samt om vindstyrke, er det sett opp tavler både i Deknepollen og i Måløy. Dei nye tavlene skal gjennom testar før dei vert sette i drift.

Frå vegvesenet har Stig Arne Bugjerde ei sterk oppmoding til køyrande som møter på arbeid med drift eller vedlikehald på eller langs vegen. Han seier at dei ser mykje stygg køyring, slik som ved forbikøyring av kantklipp:

– Vent litt og ha litt tolmod. Ta omsyn. Alle skal kome trygt heim.

Det vert sett opp fleire tavler for å gje trafikkmeldingar i Nordfjord. Foto: Siri Kolseth