Det er Vegtrafikksentralen Vest som først melder at riksvegen mellom Måløy og Nordfjordeid er stengt ved Eldevik.

– Vegen er stengt på grunn av eit trafikkuhell, opplyser vegtrafikksentralen.

Ulykka skal ha skjedd like før klokka 19.

Da politiet kom på staden kan dei fortelje at det handlar om ein motorsykkel som har hamna utfor vegen.

– Det er ingen alvorleg personskade, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Frå personar på staden får Fjordenes Tidende opplyst at det no skal vere passasje.