I Vestland ligg restaurant- og matfagklassa ved Måløy vidaregåande skule an til å bli kutta med åtte søkarar etter første prøveinntak.

Restaurant- og matfag og kokk og servitør ved Rauma vidaregåande skule stod begge på kuttlista, men begge får halde fram, skriv NRK.

I nabofylket er kravet til å starte opp eit yrkesfagtilbod seks, medan det i Vestland må vere åtte søkarar.

– Vi ser at elevar på til dømes restaurant- og matfag ikkje vel faget dersom dei må flytte veldig langt eller reise langt, seier Tove Henøen (Sp) i utdannings- og kompetanseutvalet til NRK.

Kan starte rekrutteringsjobben

Lærar Signy Moa Frick ved kokkelinja ved skulen er letta og glad over avgjerda. Ho seier at dei no kan starte jobben med å rekruttere fleire elevar.

Næringslivet i området treng kokkane og elev Michael Helberg, som er einaste søkar til vg2, og svært glad for at han får fortsette ved skulen.

– Reiselivet har jo eksplodert, og det er meir bruk for kokkar enn nokon gong, seier han til NRK.

Ved Måløy vidaregåande skule var det tre søkarar som hadde restaurant- og matfag som førsteønsket, og åtte søkarar totalt, etter første prøveinntak.