– Ut i frå ei kulturminnefagleg vurdering ser Sogn og Fjordane fylkeskommune positivt på at det vert tilrettelagt for servering av mat i Gamlebanken. Det planlagde kjøkkenbygget er midlertidig, det er reversibelt og vil ikkje vere til nemneverdig sjenanse for opplevinga av Eidsgata og Gamlebanken, skriv assisterande fylkesdirektør nærings- og kulturavdelinga, Ingebjørg Erikstad i eit brev til Eid kommune.

Samstundes peikar fylkeskommunen på at Eid kommune ved handsaming av søknaden, børe legge vekt på god utforming og tilpassing til det kulturhistorisk viktige bygningsmiljøet i Eidsgata.