– Vi håpar at fellesnemnda og namnenemnda har lyst til å tenke seg om ein gong til, og sjå på moglegheitene for at fjordhesten, i lag med andre symbol, kan vere eit meir riktig symbol for kommunen vår, seier Silje Kvalvik i Eid Fjordhestlag.

Har sendt brev til fellesnemnda

Kommunane Eid og Selje inviterte i vinter innbyggjarane til å kome med forslag til tema for kommunevåpen for nye Stad kommune. Til saman fekk dei inn over 500 forslag. Etter ein gjennomgang av dei innkomne forslaga kom namnenemnda med ei tilråding til tema. Dette vart hav/fjord/vatn/bølgjer.

– Så vidt vi har forstått, var den opphavlege bestillinga frå dei folkevalde (kommunestyra i Eid og Selje) at eit nytt kommunevåpen skulle innehalde element frå dei to noverande. At denne premissen seinare har blitt endra av fellesnemnda, har no resultert i ei innstilling frå namnenemnda som vi finn lite haldbar, skriv Kvalvik saman med Linda Beate Svoren, Marius Alsaker og Marte Starheimsæter i eit brev til fellesnemnda for Selje og Eid kommunar.

I brevet ber fjordhestlaget om at politikarane ser på saka.

– Vi har engasjert oss i denne saka frå starten av. Vi sende inn eit innlegg i 2017 der vi grunngav kvifor vi mente fjordhesten som symbol burde vere ein del av kommunevåpenet. Når det så vart tilrådd at kommunevåpenet skulle byggje på bølgjer eller element frå havet, så fann vi ut av vi måtte plukke opp tråden, seier Kvalvik, og fortset:

– Fjordhesten har ei utruleg historisk forankring i Nordfjord. Ingen andre husdyr har så sterk geografisk tilknyting som det fjordhesten har til Nordfjord. Det kjem folk frå heile verda til vesle Eid og Nordfjord fordi dei er glade i hesten.

Godtok Stad kommune

I brevet til fellesnemnda skriv fjordhestlaget at dei er samde i at vatn og bølgjer er sentrale naturelement i den nye kommunen, men at dei samstundes registrerer at dette symbolet i utgangspunktet er meir treffande for ytre strok i Stad.

– Det nye kommunenamnet vårt har opphavet sitt i ytre. Vi ønskjer namnet frå havet hjarteleg velkomne. Samstundes finn vi det høgst rimeleg at sjølv maskoten for fjorddistrikta det rotfaste symbolet fjordhesten, inngår i kommunevåpenet. Då vil vi få ei balansert løysing der kommunenamn og kommunevåpen i samspel vidarefører viktig arv får både ytre og indre strok av kommunen.

– Men symboliserer fjordhesten Selje kommune?

– Fjordhesten har i nyare tid ikkje hatt så sterk forankring i Selje, men frå gamalt av har den det. Fjordhesten blir ofte samanlikna med nordfjordingen; arbeidsom, nøysom, hardfør, stolt, litt sta - men snill, og det er noko Selje også kan kjenne seg att i, seier Kvalvik, og viser til eit innlegg fjordhestlaget skreiv i 2017 om kommunevåpenet i nye Stad kommune.

– På linje med Eid hadde Selje og Stadlandet sitt eige hesteavlslag, med lagshingstar som til dømes Lykke, Alfar, Knuppen, Tuan – og spisshingsten Stig. Under siste krig vart meir enn 70 fjordhopper para årleg i Selje og Stadlandet sitt distrikt, og hesteavl var ein naturleg del av fiskarbøndene sin næringsveg, skreiv dei den gong.

Skeptisk til at symbola forsvinn

Leiaren i fellesnemnda er skeptisk til å gå vekk frå dei historiske elementa i dagens kommunevåpen.

– Eg har ikkje noko konkret meining om det brevet som fellesnemnda no har fått frå Eid Fjordhestlag. Utgangspunktet vårt er at vi no skal legge nokre føringar for det vidare arbeidet, seier Selje-ordførar og leiar i fellesnemnda for Stad kommune Stein Robert Osdal (KrF).

Han understrekar at han set pris på alle tilbakemeldingar.

– Eg har sjølv fått munnlege tilbakemeldingar frå Selje om kommunevåpenet vi har, det historiske aspektet med Sunniva-figuren og at folk ikkje vil miste den. Eg er i utgangspunktet litt skeptisk til at vi skal kaste på bålet dei tradisjonane vi har i kommunevåpena våre.

Saka blir handsama i møte i fellesnemnda torsdag.