Ein trailer har køyrd utfor vegen like nedanfor Kvilehytta på Åheim.
Uhellet skjedde måndag føremiddag, melder ein tipsar.
Etter det Fjordenes Tidende kjenner til var det ikkje andre bilar involverte, og det er heller ikkje snakk om større personskade.
Det var svært glatt på Rv 61 mellom Bryggja og Åheim.
Vegen vart stengd i ein periode medan arbeidet med å få traileren på vegen igjen pågjekk.