Klokka 02.52 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein mann var blitt slått til av ein annan mann i 30-åra.

Det skjedde i Måløy sentrum.

Det er førebels uvisst om hendinga vert meldt formelt til politiet, opplyser vakta ved Sogn og Fjordane.

Det er ikkje opplyst om mannen vart skadd.

Litt seinare på natta fekk politiet melding om støy frå ei adresse i Måløy.

Politiet reiste til staden og gav festdeltakarane pålegg om å dempe musikken.