Lokallaget meiner dette er nødvendig for å ta tilbake styringa og gjennomføringa av partiets helsepolitiske program, skriv firda.no.

Eid Ap meiner at Øberg og Mowatt, som er styreleiar og styremedlem i Helse Førde, i stor grad har marknadsført planframlegget frå helseføretaket.

Medlem i Eid Arbeidarparti, og ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, er netleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Lokallaget meiner dei to partimedlemene på denne måten motarbeider eige program og vedtak frå representantskapsmøtet på Skei 15. april, og vurderer dette som klare brot på Det norske Arbeidarparti sine vedtekter.

- Clara Øberg og Harry Mowatt har i sitt arbeid i styret for Helse Førde ikkje vist vilje til å rette seg etter styringssignal frå Aps leiar og statsminister, Jens Stoltenberg, samt klare signal frå helsestatsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen om at «ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, skriv Eid Ap.