Ingeborg Grimeland voks opp på garden Skorpa, rett aust for Tangane Kystfort i Bremanger. Der fekk ho som ung jente nærkontakt med andre verdskrig og tysk okkupasjonsmakt. – Eg er lei alt av krig, seier 85-åringen i dag. Ho har likevel ikkje slite med minna frå krigsåra. – Eg er utstyrt med svært godt humør. Så eg grublar ikkje over det som hende. Opplevingane er i bagasjen min, utan at dei influerer livet mitt negativt, seier Ingeborg, som her er ute på ein spasertur saman med ektemannen John.
Foto: Kjell Askeland