Tysdag 14. april hamna denne lastebilen i grøfta på fv. 616 i Dalsbotn i Bremanger. Uhellet skjedde ikkje så langt unna der ein semitrailer tidlegare i vinter sklei utfor vegen. Ingen personar blei skadde, og ingen andre bilar var involverte denne gongen, men vegen er utsett for ulukker fordi den er så smal og svingete, og har få gode møteplassar. No har Bremanger kommune kome eit steg lenger mot å få utbetre vegen noko. Foto: fjt-tipsar