Denne hausten starta Vågsøy opplæringssenter opp eit nytt tilbod for born som ikkje har norsk som sitt morsmål.
– Vi er glade for endeleg å kunne tilby eit utvida grunnleggjande norskkurs for born, for det er viktig at også born lærer språket grundig, seier lærar ved opplæringssenteret, Ingrid Anita Malmin Nordpoll.
Ho fortel at elevane har tilrettelagt undervisning på sine respektive skular, men at dei opplever at det kan vere vanskeleg å følge med og forstå alt i alle fag.
– Det er viktig at dei får nok tid til å jobbe med dei grunnleggande strukturane i det norske språket. Det kan vere vanskeleg inne i ei klasse med mange nye faguttrykk. Vi ser at seks timar i veka her på opplæringssenteret, der vi berre har fokus på å lære norsk, er veldig gunstig, seier Malmin Nordpoll.
Ivrig og nysgjerrig gjeng
Elevane sjølv er også nøgde med det nye tilbodet.
– Det er kjekt å lære norsk, og det er veldig mange litt rare ord som vi ikkje heilt veit korleis vi skal seie eller skrive, seier Karam Abdullah.
– Det kan bli veldig morosamt om vi seier det heilt feil. Men eg synest eigentleg ikkje at det er så veldig vanskeleg, supplerer Mohammed Abdullah.
Elevane fortel at noko av det som er spesielt utfordrande med det norske språket er vokalane æ, ø og å.
– Det er bokstavar vi aldri har sett før, og det er lett å blande dei med andre bokstavar. I tillegg er bokstavlydane p og b vanskelege å skilje frå kvarandre, seier dei.
Malmin Nordpoll bekreftar at det vert jobba hardt med ulike lydar, men fortel at mykje av opplæringa går føre seg gjennom naturlege samtaler.
– Eg opplever elevane som veldig ivrige. Dei har mange spørsmål og elskar å fortelje. Det betyr jo også at dei må snakke mykje, noko som er god øving og veldig positivt. Her hos oss er det tid og rom for desse samtalene, og mitt inntrykk er at dei lærer fort.
Ulike utfordringar
Malmin Nordpoll understrekar at det ikkje nødvendigvis er slik at alle elevane synest dei same tinga er utfordrande.
– Nokre tek skriving forholdsvis lett, medan andre er best på uttale. Det har mykje med kva morsmål dei har og med personlegdom å gjere, og også kva ein kjenner seg trygg på.
Ho fortel at dei difor har brukt mykje av tida dei første vekene på å bli kjende med og trygge på kvarandre.
– Vi ønsker å skape gode relasjonar, det trur vi hevar læringa og er med på at borna får eit betre utbytte av å vere her.
Ho fortel at dei framover skal ha eit stort fokus på ordstilling og setningsoppbygging, og å skape elevtekstar.
– Behovet er til stades
Det nye tilbodet hos Vågsøy opplæringssenter er eit slags første steg i norskopplæringa, og elevane får delta på kursa i alt frå eitt til to år.
– Det vert gjort vedtak om eitt år i gongen, og så vurderer ein utvikling og behov kontinuerleg, fortel Malmin Nordpoll.
Per i dag er det 14 elevar frå andre til tiande klasse fordelt på tre grupper, som nyttar seg av det nye tilbodet ved opplæringssenteret. Desse elevane har arabisk, thai og polsk som sine morsmål, og dei har kort butid i Norge.
– Men allereie etter haustferien kjem det tre nye elevar til oss. Dei skal lære språket heilt frå byrjinga av, og opplæringssenteret har dialog med elevane sin nærskule. Behovet for dei nye kursa er absolutt til stades, seier Malmin Norpoll.