Det melde Fjord1 klokka 08.44. Og årsaka er i dag som i går, dårleg vêr.

Sambandet er trafikkert av ei reserveferje fordi Årdal er på verkstad.

Det betyr at dersom du hadde tenkt å ta denne ferja i morgontimane så må du finne ein annan veg å køyre.

Det er ikkje sagt noko om kor lenge ferja blir liggande ved kai.

Siste: Klokka 12.22 melde fjord1 at sambandet framleis er stengd og vil bli det utover ettermiddagen. Årsaka eer framleis dårleg vêr.

Ferjesambandet Stårheim - Isane har også vore stengd i fleire timar på grunn av tekniske problem med ferja.