Førstehandsprisen på norsk vårgytande sild har til no i år vore dobbelt så høg som i same periode i fjor.
Det viser statistikken til Sildelaget.
Snittprisen i vinter har vore kr. 4,39 mot kr. 2,19 i tilsvarande periode i fjor. Til no har ringnotflåten tatt knapt 35 prosent av kvoten sin, medan trål har fiska vel 48 prosent av kvoten, melder fiskebåt.no.
Også lodda har oppnådd vesentleg betre prisar enn i fjor. Lodda som norske farty tok ved Island blei betalt med kr. 2,36 mot kr. 1,76 i fjor.
Barentshav-lodda har så langt oppnådd ein snittpris på kr. 2,43 mot kr. 1,86 i same periode i 2010.