Motiv på bileta kan vere alt frå skuleveg, skulebygningar, situasjonar og uteområde til gjenstandar som blekkhus, pennalhus, nettbrett og aktivitetar som paradis, fotball og klatrestativ. Eller noko heilt anna.
Lærte barna sunt «trailervett»
Konkurransen blir arrangert av prosjektet Skulen min, som er eit samarbeid mellom fylkesarkivet og fylkeskommunen. Skulen min er eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Målet er å samle kjelder og informasjon om skulehistoria i ein digital portal. No ønskjer dei å sjå kva folk i fylket forbind med #skulenmin.
– Du kan delta med nye bilete frå skulen og skulekvardagen i dag, eller sende inn gamle bilete om du har det. Bileta må du ha teke sjølv, heiter det i pressemeldinga.
Vil skulere innbyggarane i rein energi
Hovudpremien vert kåra gjennom ei avstemming på nett og av ein jury på tre personar frå fylkeskommunen og fylkesarkivet. Konkurransen er open for alle.
Første frist for å sende inn bilete er 31. oktober.