Opplagstala for første halvår 2022 for Fjordenes Tidende viser ei solid opplagsauke samanlikna med same periode i fjor. Fjordenes Tidende veks med 175 i opplag.

– Det er svært gledeleg at Fjordenes Tidende har ei auke i opplagstal, og ekstra kjekt å sjå at vi er dei som aukar mest i vårt område. Dette er takka vere dyktige medarbeidarar som står på kvar dag for å lage eit produkt som vert sett pris på, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende.

Digital vekst

Frå første halvår 2021 til første halvår 2022 auka Fjordenes Tidende sine digitale opplagstal med 435 abonnentar.

– Fjordenes Tidende satsar digitalt, og det er kjekt å sjå at vi har så stor auke på det digitale produktet vårt. Dette motiverer oss til jobbe vidare med å bli endå betre. Vi gler oss til å halde fram med å utvikle oss, seier Fagerli, og held fram:

– Eg vil rette ein stor takk til alle kundar, annonsørar og lesarar av lokalavisa.

AvisFørste halvår 2022Første halvår 2021Endring i opplag
Firdaposten4 9045 026-122
Fjordenes Tidende4 5984 423175
Fjordingen3 8613 78675
Fjordabladet3 1613 06695
Firda Tidend2 9272 89334

Papir framleis viktig

Opplagstala viser ein nedgang på 249 på komplettbrukarane, dei vil seie dei som både har papiravis, e-avis og abonnement på fjt.no.

– Det er ein liten nedgang på papir- og komplett-abonnement. Men sjølv om vi satsar digitalt, vil vi også halde fram med å levere eit godt produkt på papir. Vi veit at mange er glade i papiravisa, seier Fagerli.