Menneske kan få i seg tjærestoff på mange ulike måtar i løpet av livet. Stoffa kjem av ufullstendig forbrenning av organisk materiale, som til dømes bålbrenning, eksos og tobakksrøyk, noko som gjer røykjarar spesielt utsette, skriv Forskersonen.no.

I tillegg er forureina luft frå industri og trafikk viktige kjelder. I Nordsjøen kjem tjærestoffa hovudsakeleg frå olje- og gassproduksjon.

Både for fisk og menneske skjer det prosessar i kroppen for å gjere tjærestoffet mindre giftig.

Overvaking av tjærestoff frå aktivitetar relatert til oljeindustrien er avgjerande for å vurdere omfanget av forureininga og moglege innverknadar på økosystemet i havet. Det er difor viktig å kartleggje korleis tjærestoffa blir omdanna inni fisken.

I fisk som er utsett for oljeforureining, kan ein sjå dei same tjærestoffa som ein finn i menneske som er påverka av tobakksrøyk. Kunnskap frå studiar om folkehelse kan difor overførast til undersøkingar av fisk og motsett.

(©NPK)