– Det er for så vidt innanfor normalen, om vinteren er det eit ganske stort spenn for kva som er normalt. Nokre år er det veldig mykje kald luft frå Arktis, andre år er det mykje mild luft frå Sør-Europa, seier Borgar Aamaas ved Cicero senter for klimaforsking.

I store delar av verda har seinhausten og vinteren vore mild og snøfattig. Eit kart frå EUs klimateneste Copernicus viser at november var varmare enn vanleg dei aller fleste stadene. Den såkalla «sibirkulda» ramma tilsynelatande ikkje mesteparten av Sibir. Det er likevel eitt svært tydeleg unntak – ein isblå sirkel over Den skandinaviske halvøya, med sentrum over Midt-Noreg. Også desember var kaldare enn normalt på det norske fastlandet. I januar har det også gitt utslag i enorme snømengder på Sørlandet.

Klimaforskaren peikar på viktigheita av å sjå lengre enn eigen nasetipp når ein snakkar om klima.

Vêrlotteri

– Globalt sett er det rekordvarmt for tida. Sånn sett er det litt rart at det er så kaldt her. Men det kan ikkje vere varmt overalt, det er alltid nokre blå og raude område. Det som er spesielt no, er at det stort sett berre er raudt på det globale kartet, seier Aamaas.

Samtidig forklarer han at vinteren alltid har vore eit slags vêrlotteri i Noreg. Før var dei fleste vintrar kalde og snørike, men det fanst alltid nokre «lodd» ein kunne trekkje der vinteren var mild. No går det i motsett retning.

Det er likevel forskjell på vêr og klima. Klimamessig er forklaringa ein annan. Den globale oppvarminga går fortare i Arktis enn rundt ekvator, og det gjer noko med polarfronten, som er grensa mellom kald arktiluft og mild europaluft.

– Ingenting tyder på ny normal

– Det kan tyde på at det blir meir av sånt, der polarfronten bølgjar seg og gir uvanleg vêr. Vêret heng seg meir opp, og då kan det bli periodar med anten ekstrem kulde, eller til dømes ekstrem varme om sommaren slik ein hadde i 2018, seier Aamaas.

I eit istidsperspektiv har klimaet i Norden vore stabilt ustabilt – med store variasjonar, mellom anna i form av Golfstraumen. Den har mykje ansvar for at vi i dag har eit uvanleg mildt klima samanlikna med andre delar av verda som ligg like langt nord.

– I eit perspektiv over fleire tusen år burde vi gå inn mot ei ny istid, men etter alt å dømme er ho stoppa av global oppvarming. Sjølv om det er bikkjekaldt i Noreg no så er det rekordvarmt globalt sett. Ingenting tyder på at denne kulda er den nye normalen, seier klimaforskaren.

(©NPK)