Den siste tida har lesarbrev og debattinnlegg i avisene auka på, og i debattforum på nett og i sosiale medium har debatten gløda. Vi reknar med at engasjementet både for og mot Kinn kommune vil auka endå meir i dagane fram til torsdag 1. september.

Frist for innsending

Cirka eitt døgn før vallokala opnar torsdag 1. september vil vi ikkje publisere nye innlegg på firdaposten.no eller fjt.no som handlar om Kinn kommune.

– Dette er fordi vi ikkje ønsker at det skal kome angrep eller utspel mot nokon så tett før folkerøystinga. Dette håpar vi både dei som er for og mot reversering respekterer, seier redaktørane Svend Arne Vee og Håvar Fagerli.

Dei håpar også på ein endå meir variert debatt.

– I innspurten kjem vi til å prioritere «nye stemmer», og innlegg som bringer nye synspunkt og moment til debatten, seier dei.

Frist for innlegg til fjt.no og firdaposten.no er midnatt tysdag.

– Vi ønsker folket i både Florø- og Måløy-delen av Kinn kommune lykke til med folkerøystinga og godt val, seier Fagerli og Vee.