Vegen skal utvidast på åtte punkt for å få bukt med dei verste flaskehalsane. Då blir det fleire stengingar og lang ventetid.

Arbeidet startar opp tysdag 19. april. I første omgang vil det vere arbeid mellom Smedvik-krysset og Dalsbotnen.

Vegen skal stengast opp til tre gonger om dagen frå måndagar til torsdagar.

Dei lengste stengingane skjer om føremiddagane. Då vil vegen stenge i inntil to timar. I tillegg kan vegen bli steng i opp til to timar om ettermiddagen tysdagar.

I I tillegg til desse lengre stengingane, kan vegen blir stengd i inntil 15 minutt. Så langt det let seg gjere vil entreprenøren ta omsyn til ferje- og bussruter.