– Via Ferrata Hornelen er i rute til å opne 1. juni i år, seier prosjektleiar Frank Husevåg i Bremanger kommune til Fjordenes Tidende.

Det var stiftelsen Norges Boltefond som i juni i fjor vann anbodskonkurransen om å bygge klatreløypa til toppen av Hornelen på vegner av oppdragsgjevaren Bremanger Eigedom AS.

Arbeidet med å lage til den spektakulære løypa til toppen av Nord-Europas høgste sjøklippe tok til 11. juli 2022 med helikopterløft av utstyr til riggområdet på toppen av Hornelen, der Norges Boltefond etablerte ein «base camp».

Prosjektet starta med fleire helikopterløft til toppen av Hornelen. Foto: privat

Norges Boltefond starta arbeidet frå toppen av fjellet, og har arbeida seg nedover fjellsida. Hovudgrunnen til dette er at fjellet må reinskas for lause steinar frå toppen og nedover.

Base camp blei etablert på toppen av fjellet. Foto: Norges Boltefond

Alle er fjellklatrarar

Høgdeskrekk egnar seg mildt sagt ikkje for dei som har jobba med å reinske fjellsida og feste boltar og trinn til dei som frå sommaren tar utfordringa med å klatre i den ferdige løypa.

Runar Carlsen er dagleg leiar i Norges Boltefond. Han fortel at alle som jobbar i fjellet har bakgrunn som fjellklatrarar.

Foto: Norges Boltefond

– Dette er folk som er vande med å jobbe med tilkomstteknikk. Dei heng i tau heile året, ofte mange hundre meter over bakken. Høgde er ikkje «ein greie» for dei – det er berre ein del av kvardagen, seier Carlsen til Fjordenes Tidende.

Som ein del av arbeidet måtte store steinar «vippas» ned fjellsida:

Oppstarten på siste rest av jobben blir etter alt å døme i april i år når snø ikkje lenger er ei utfordring.

– Det står att cirka to månadar med arbeid, mellom 30 og 40 prosent av lengda på ruta, så vi reknar med at heile prosjektet står klart til den planlagde opningsdagen 1. juni, seier Carlsen.

– Høgde er ikkje «ein greie» for dei som jobbar i Norges Boltefond, seier dagleg leiar Runar Carlsen. Foto: Norges Boltefond

Frank Husevåg er fornøgd med arbeidet som er gjort og håpar at turløypa vil trekke folk òg langvegsfrå til Hornelen og Bremanger.

– Det er rimeleg spektakulært å kunne klatre i desse omgjevnadane. Eg trur dei som kjem hit for å ta denne klatreturen opp fjellet får seg ei stor naturoppleving.

Det har allereie blitt gjennomført testklatring i den øvste delen av klatreløypa.

Dyrare enn kontraktssummen

– Har prosjektet så langt halde seg innanfor summen i kontrakta?

– Det skjer nesten alltid endringar i slike store byggeprosjekt, og for dette spesielle prosjektet har også løypa bokstaveleg tala «blitt til mens ein går». Entreprenøren må sørge for ein sikker og god trasé, og det har dukka opp enkelte utfordringar undervegs som byggherre og styret har måtte ta stilling til. Vi har godkjent tre endringsmeldingar frå entreprenøren til no på til saman cirka 550.000 kroner, seier prosjektleiaren.

Her har arbeidslaget bygd seg ein «benk» til å kvile og ta pausar på. Det er nok ikkje alle som ville klart å få kvilepuls her. Foto: Norges Boltefond
Det er bygd fleire treplattingar som dei som klatrar ruta kan ta pausar på. Foto: Norges Boltefond
Høgt heng dei, men særleg sure er dei ikkje. Foto: Norges Boltefond
Slik ser heile ruta til Via Ferrata Hornelen ut. Foto: IVest Consult