Skreddarsaum er Feel Free Production sin spesialitet – der kombinasjonen av funksjonalitet, kreativitet og estetikk blir lagt vekt på. Dei tilbyr splitter nye løysingar, eller restaurerer, alt frå kjøkken til baderomsinnreiing, garderobar og spesialdesign.

Selskapet blei starta opp av David Sigurdsson i 2013, og har i år tiårsjubileum.

– Vi skreddarsyr alt vi lagar. Det er ingen design eller møbel som er like. Det er veldig spennande, og gjer kvardagen veldig morosam, fortel interiørarkitekt Marta Myklebust.

Feel Free Production har fabrikk i Holmøyane i Stad kommune, medan kundesenteret ligg i Stryn. Foto: Louise Nygaard

Tilfeldig jobbtilbod

Ho kom til fabrikken ved Holmøyane ved eit tilfelle etter å ha køyrt feil. Myklebust er frå Nordfjordeid og var nyutdanna interiørarkitekt i 2016. Ho var eigentleg på veg til Hjelle møbelsnikkeri for å hjelpe foreldra med å pusse opp kjøkkenet, då ho tok av litt for tidleg og hamna utanfor fabrikken til Feel Free Production.

– David var kjapp og lurte på om han kunne hjelpe meg. Han såg eg kom med ferdige teikningar, så han skjønte at eg var interiørarkitekt. Så fekk eg rett og slett tilbod om jobb, smiler Myklebust.

Sidan har ho vore tilsett i firmaet, og trivst svært godt med det.

Hektisk på fabrikken

November 2022 kom interiørarkitekt Beathe Smådal også med på laget. I dag er dei tre interiørarkitektar, og har fleire prosjekt som varierer i storleik og kundetype.

– Dei to siste åra har det eigentleg vore ganske hektisk med førespurnadar. Vi har utvida mykje på administrasjon og designarar, og ikkje minst i produksjonen, for å ta unna det siste halvåret, seier Myklebust.

Beathe og Marta er ofte innom fabrikken på Holmøyane, for å følge med på produksjonen av det dei har designa. Foto: Louise Nygaard

Blant anna har Feel Free Production, via Recover Nordic, fått kontrakt som møbelsnikkarar ved Høgskulen i Volda, og skal i gong med å renovere eit auditorium på skulen

Den dagen vi er på besøk snikrar dei også møblar til Stryn Hotell på fabrikken i Holmøyane. Bestillinga inneheld oppgradering av hotellrom, produksjon av sengegavl med nattbord og spileveggar med meir. Tidlegare har dei hatt kundar som Hotell Union Øye og Operahuset Nordfjord.

– Vi er godt etablert i Nordfjord, men kryp oss oppover mot Sunnmøre, Ålesund og Trondheim. Vi har også kundar i Oslo og Bergen. Det er kjempekjekt at lokale bruker oss, men vi treng også større område å bryne oss på, fortel Myklebust.

Det går mykje i tre. Her er det eit stort utval sortar å velje i. Foto: Louise Nygaard

Frå heile hus til konkrete løysingar

Interiørarkitektane hjelper også privatpersonar med alt frå totalprosjekt i hytte eller hus, til konkrete skreddarsydde løysingar og møblar.

– Eg trivst godt med å få bidra frå start i litt større prosjekt, finne ut kva slags person kunden er, og kva slags behov dei har. Då snakkar vi om kva slags fargar og material ein likar, så formar vi det til med ein gjennomgåande raud tråd, seier Smådal.

Eit av dei noverande prosjekt er ei 400 kvadratmeter stor hytte på Strandafjellet.

Produksjonsmedarbeidar Sindre Nilsen borer til hol. På skjermen til høgre ser han teikninga frå interiørarkitektane. Foto: Louise Nygaard

– Vi designar og innreier heile hytta, frå kjøkken og baderomsmøblar til senger og meir. Då er det mykje som skal prate i lag og passe i hop, seier Myklebust som har hovudansvaret for dette prosjektet.

Det er ei god blanding av bestillingar som strøymer inn. Enten er kunden usikker på kva dei ønsker seg og er open for ulike forslag og løysingar, eller så har dei ein konkret tanke dei vil at interiørarkitektane realiserer.

Fellesnemnaren er at det ofte handlar om oppbevaring og praktiske løysingar.

– Eg har for eksempel eit oppdrag der kunden ønskte seg ei bokhylle, som hang saman med gelenderet til ei trapp i den øvste etasjen, fortel Smådal.

Beathe har designa ei bokhylle som skal henge saman med ei trapp. Den ser du bak ho. Foto: Louise Nygaard

Berekraftige designval

Berekraftig design er dei spesielt opptatt av. Myklebust og Smådal trekk fram at stilar kjem og går, men understrekar at dei søker mot å lage ting som held lenger enn trendane. I tillegg ser dei nye løysingar gjennom gjenbruk.

– Ta eit kjøkken for eksempel. Det er det du ser som får mest slitasje. Skroga er ofte heilt fine. Då kan ein bytte ut frontar og benkeplate, og visuelt sett få eit nytt kjøkken samstundes som mange element er brukt om igjen, seier Myklebust.

Likevel er det nokre trendar i tida folk er opptatt av.

Det er fleire folk involvert i prosessen frå design til ferdig møbel. Foto: Louise Nygaard

– Det er stort fokus på naturmateriale, og folk tør å bruke meir fargar i heimen, seier Smådal.

– Kvar finn de sjølve inspirasjon?

– Eg elskar å reise og er veldig glad i storbyane. Trendane dukkar jo opp i storbyar, slik er det berre. Å oppsøke nye plassar som dukkar opp, det er veldig kjekt. Då blir eg inspirert, fortel Smådal.

Marta Myklebust (33) og Beathe Smådal (34) er interiørarkitektar ved Feel Free Production. Foto: Louise Nygaard

Denne saka er henta frå Nordfjordsamkøyringa sitt Hus og heim-magasin. Her kan du lese heile magasinet.